fredag 31. juli 2009

Er den ikkje søt??

Eg hadde nok eit prosjekt som eg har hatt lyst å prøve meg på ei stund. Eg synes den såg lita og snerta ut, nett ei slik som eg ikkje har.......;.)



Eg hadde eit flott stoff som Laila var så grei å kjøpe til meg. Eg trur det var den siste biten Quiltekroken hadde, men ho sikra den til meg;.)


Veska er lita, søt og grei når ein skal ha med mobil, lommebok og leppestiften;.)



Det har vore nok ein dag med regn, "det bøtta ned" og det er ikkje å ta for hardt i! Men kva gjer det når ein kan halde på med kjekke innesyslar;.)


I morgon blir det litt handsaum, tenkjer eg. Eg har litt som eg skulle gjort ferdig....., berre litt.....;.)



Ha ei fin helg!

3 kommentarer:

  1. Den var no liten og lekker :-)

    SvarSlett
  2. Veska vart flott! Dette flotte avisstoffet har eg også liggande. Tanken er at det skal bli ei veske ein gong. Ha ei fin helg!

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)