torsdag 17. september 2009

Host og hark.....

Vel, så vart ikkje forkjølinga så lett å bli kvitt som eg trudde og er van med;.(

Det har blitt to dagar på sofaen. Eg prøvde å quilte margeritt-løparen min, men det vart lite med det og. Men gleda er no likevel strikket, som er jakka til søstera mi, ein varm og god tekopp - det er det blitt mange av dei siste dagane;.), og stearinlyset.
Dagane har gått med smertestillande for ein utruleg intens hovudverk, for det meste i liggande stilling, ein pinne eller to på strikket, litt varm te og så tilbake i liggande stilling. No tenkjer eg at det må vere nok og over i morgon, eg vil det!! For no har mannen fått det og det hadde det vore greitt at det er ein frisk vaksen i heimen til å gjere dei tinga som skal gjerast…..
Ha ein god kveld!

4 kommentarer:

  1. God kveld til deg òg. Det høyrest ut som du treng det mest :) Det er vel grisesykja som er kommen i hus, då?? God bedring i alle fall!

    SvarSlett
  2. Uff, dette er noko svineri!!!
    Ynskjer deg god bedring :-)

    SvarSlett
  3. Høres ikke godt ut, nei! Får bare ønske god bedring !

    SvarSlett
  4. Ønsker deg riktig god bedring. Luene som du strikker er nydelige. God helg.

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)