Resten av dagen fekk eg ikkje gjort så mykje anna enn å bake rundstykke og pizza til kvelds.

Søndag starta eg med friskt mot og fekk ferdig desse hjerta og bileta, dei har eg og tenkt å ha på Kreativiteten, og då er det nok for min del i år.;O) Eldste jenta har og varer for sal i butikken. Det er makramesmykker, kort og maskemarkører. 
Deretter var det tid for å lage deig til julekaker og medan dei sto kaldt fekk eg meg ein flott tur på Brandsøyåsen. Det er over eit år sidan eg har vore på toppen!!! Yes! i går kom eg opp;o) Eg tok bileter i rein glede og det bles så pass på toppen at siste bildet vart noko sløret..... Sein på ettermiddagen hadde eldste-gullet og eg samarbeid;o) Ho skar opp silkekakene og la dei på bretta og eg passa dei medan dei var i omnen og la dei på rist. (I oppveksten og framleis kallar vi desse silkekaker, men dei blir og kalla sjakkruter) Ho med Harry Potter på øyret for ???-gang og eg med litt handarbeid mellom bretta. Ho er veldig glad i lydbøker, nett som mora..., og har høyrt alle Harry Potter-bøkene mange gangar. No har også mora og mellomste-gullet starta på desse bøkene.....;O)
Då er eg klar for julekakebyte;o) Vi er 7 damer som bakar ei sort kvar og så møtast vi ein kveld med ost, kjeks, raudvin og gløgg..... Når eg då kjem heim, etter ein kjekk kveld i godt selskap, har vi plutseleg 7 kakesortar i boksane våre som vi kan nyte i adventstida;o)
Då er eg klar for julekakebyte;o) Vi er 7 damer som bakar ei sort kvar og så møtast vi ein kveld med ost, kjeks, raudvin og gløgg..... Når eg då kjem heim, etter ein kjekk kveld i godt selskap, har vi plutseleg 7 kakesortar i boksane våre som vi kan nyte i adventstida;o)
I kveld skal eg få vere saman med dei kjekke damene i Florø Husflidslag på Adventsmøte. Eg gleder meg til god snakk, god mat og kjekk underhaldning. Det skal bli ei kjekk stund!
Ha ein fin dag!


Hvor er de smukke dine billeder fra bjerget.
SvarSlettTaenk at bo saa smukt.
Haaber du faar en dejlig aften:-)