torsdag 4. februar 2010

Variasjon i kvardagen.....;o)

Det er det beste ein kan gjere, variere slik at heile meg har det godt...... Difor har det i dag vore litt broderi, tur ute, pusle litt rundt og heklekrok. Med fyr i omnen og lydbok blir dagen god.











 
Eg er ferdig med å brodere hjerta. No skal dei syast saman med litt stoff, dei ligg å "modnar" - plukkar fram litt stoff, myser litt på dei, prøver nokre nye.... og så får vi sjå korleis det blir når det blir ferdig;o) Eg har ein plan.....;o)





Heklekanten på sjalet er og under arbeid. Det er kjekt å ha noko som kan takast fram, heklast litt på og leggast vekk, fram att å hekle nokre masker og smått om sen blir det ferdig... Eg trur det blir litt tøft med den grove strukturen i strikket og den luftige, lette heklekanten.

God kveld til deg!

3 kommentarer:

  1. Du er riktig flink med dagane dine. Ønsker deg riktig god bedring :)

    SvarSlett
  2. For noen flotte hjerter du har laget! Jeg tror jeg må bli flinkere med mine dager... :-)

    SvarSlett
  3. Så mye fint du lager ! Det sjalet var jo helt lekkert;)
    Takk for hyggelig kommentar hos meg! Titter snart innom igjen;)) Klem og god helg!

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)