Eg putlar med vårfargar og har laga klar to brikker som berre manglar lukkekant. Lukkekant er temaet på Kreativiteten i dag. Løparen vi starta på sist torsdag skal i dag få lukkekant. Eg har lova å vere der å vise korleis eg gjer det og hjelpe dei som ynskjer det.
Eg brukar dobbel lukkekant. Den er også klar. Eg tenkte å sy kanten på den eine brikka før eg tek den med meg, samt starte med handsaumen slik at det er enklare å vise og forklare.
Eg har brukt av dei same stoffa som eg brukte til løparen, med litt attåt....
I den avlange brikka har eg brukt restar frå materialpakkane til løparane som vart sydd sist torsdag.
I den firkanta brikka er det og ei blanding av restar, både mine og frå Kreativiteten, samt min eigen løpar. Det er kjekt å berre kutte litt, starte å sy og sjå kor det endar. Med ein miks av litt forskjellige og litt av dei same stoffa blir det fine, vårlege dukar på kjøkkenet;o)
Saman med dei nye egga mine, også av restar....;o) blir det rett og slett påskestemning på kjøkkenet. Det er kjekt å kunne bruke opp litt av restane som er i garnkista og stoffskuffer... då blir det blanda drops;o)
Ute snør det framleis...:o( men inne er det vårstemning.....
Ha ein fin dag!


Det var fine brikker, likte fargene veldig godt.
SvarSlettFine vårlege brikker, og søte påskeegg.
SvarSlettJa,dette skaper påskestemning på kjøkkenet.
Ein fin dag til deg og :-)