tirsdag 1. juni 2010

Juni - sommar og sol;o)


Dagane har vore gode med sol, sjølv om det har vore kald vind. Eg har funne meg ein lun krok og med handsaum og tekoppen nett i nærleiken;o) Etter den daglege turen til Brandsøyåsen er det godt å ha ei pause i sola.

 
Denne løparen har no blitt ferdig og overlevert til søstera mi og mannen hennar.

Eg har forelska meg heilt i dei nydelege småmønstrete stoffa og denne nydelege blonda som eg fann hos min faste materialleverandør;o)


 Med litt stoff, blonde og band frå lageret vart det til slutt ein søt og sommarleg løpar.







No har eg tenkt å lage nokre strikkeposar og ei veske som eg har bestilling på og etter det har eg sikkert kome på endå litt fleire prosjekt i tillegg til dei eg allereie har "på blokka" og glad er eg for det!!!



Ha strålande sommardagar!

1 kommentar:

  1. Ja det er varmt og godt i solkrokane der nordavinden ikkje tek. Nydeleg løpar du har laga. Skulle vore moro å sjå "blokka" di. Strikkeposar må eit kvart strikkty ha. Gled meg til å sjå dei.
    Kinn er flott turplass.

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)