fredag 10. juni 2011

God tur!




To av mine to kjære er på tur i pinsa. Dei reiser lett, i vert fall heimanfrå....;o) Då tenkte eg at dei hadde bruk for desse kjekke toalettveskene.

Dei er ferdig med første etappe på landevegen og er kome ombord i flyet og på veg ut i verda;o) Eg veit dei vil få ei super langhelg.




"Kun håndbagasje" frå My Quilt var kjekke å sy. Forklaringane er lette å forstå og enkle å følgje. Dei er dyktige, dei to damene bak bladet!

Og med slike fine stoff  vart det endå kjekkare;o) Dette er stoff som eg har kjøpt, berre fordi eg synes dei er fine, og ikkje til noko spesielt prosjekt. Men med slike kjøp, i dei fargane og mønster som eg likar godt, finn eg alltid noko frå lageret som eg kan kombinere...



Då innsida av veska er i plast, brukte eg ein kontrastfarge på undertråden slik at quiltinga pyntar innsida av veska.

No brenn eg etter å komme inn på syrommet, for eg har nok eit prosjekt på gang. Og det blir spennande å sjå korleis det blir når eg får sydd saman nokre lappar.....;o) De får sjå om litt.....;o)

Gjer dagen god!  

2 kommentarer:

  1. Kjempefine toelettmapper du har sydd.

    Kos deg på syrommet.

    Astrid

    SvarSlett
  2. Kjempe bra. Dei var knall fine. Fekk lyst sy men det er den tida! No går det mykje i brudlaups førebuinger, Ha ei god helg. Klem Kari

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)