torsdag 7. juli 2011

Overflod....


Dagen på "furterommet" resulterte i ei overflod av blomar. Eg teikna og klipte heile dagen. Nyskjerrig på korleis det kom til å bli, måtte eg berre legge det ut over bakgrunnsstoffet sjølv om det var krøllete og med store brettar.....;o) Eg ville berre sjå korleis det kunne verte.

Eg var godt i gang og var klar for neste steg, som er nokre bokstavar, men  plutseg var det slutt på vlisofix'en min..... Ja, ja då var det berre å nyte blomsterfloret som eg allereie hadde laga, og vente på neste dag og open stoffbutikk;o) 


 
Eg fekk både vlisofix, tyll og sjifong i hus, men så kom sommaren og eg måtte vere ute for å nyte den og det vart lite framgang på blomefronten og utkastet til Kinnaklova.....

I dag var det syveir på nytt og eg har teikna, klipt og limt og er no nesten klar til å sy..... Men bilete av det får komme seinare, for no har eg sege ned i sofaen og min kjære er endeleg kome heim. Dette var siste veka med vekependling og vi gledar oss alle stort til å ha han heime på heiltid!!


Gjer dagen din god!

3 kommentarer:

  1. Dette ser da riktig så spennende ut...ser ut til å bli flott! ;D

    SvarSlett
  2. Dette såg spennende ut. Gleder meg til å se sluttresultatet.

    Astrid

    SvarSlett
  3. ÅÅÅÅ så spennende ! Gleder meg til å se mere :o)

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)