lørdag 5. oktober 2013

;) Det skjer no litt......

Her har det vore stille leeeeenge....

 

Det har vore ferietur til Brighton og London..... Lite blogging om det, men det var ein kjekk tur. Her kjem ein kort, kort versjon..... ;)
 
Vi har traska og gått, stått i kø, køyrt tog, shoppa og vore på stranda. Eg fekk nyte sola, kaffi, god mat, fine steinar, havet og det britiske folkelivet....


Handarbeidet var med meg omtrent overalt.... Eg fekk ein tur innom Liberty og nokre fleire stoff-og trådbutikkar ;) Litt nye stoff, tråd og knappar har funne vegen til skattekammeret mitt.....

 

Vel heime att har det vore kos både inne og ute. Småturar i nærområdet og kaffi/tepausar inne....

 


Eg har nytt sommaren og hausten med alle dei fine fargane og blomane.....



.....utsikta og sola i alle variantar samt regnbogen.....



Eg har sydd litt, hekla litt, lese bøker og strikka mykje.



Eg har vore på kurs med inspirerande, fine, kunnskapsrike og sprudlande Anne Beier Finnestad.

Der sydde vi sirklar og rundingar/kuler. Vi fekk og prøve oss på tekstilmaling.

 

Det var som vanleg ei god kurshelg med kjekke damer, klipping, saum, maling, saum, god mat, saum...... Påfyll av inspirasjon og kunnskap.

 

 

Eg jobbar på garnbutikk og dermed er det vanskeleg å ikkje bli freista og inspirert.... Lysta til å prøve nye garnsortar i tillegg til dei gamle favorittene er svært tilstades. Det er både kjekke kollegaer og kundar som inspirerer.

 
Nettet gjev framleis mykje kjekk inspirasjon og glede. I september var eg med på ein samstrikk av barnejakka "villsauene på runde" på Ravelry.
 
Grådig kjekt med samstrikk der utfordringar kunne diskuterast, spørsmåla stillast og fine, gode, positive kommentarar skrivast og lesast .... Og ein fekk kjappe svar
 
Designeren Pinneguri, med bloggen med pinner, var og med og hjelpte og forklarte mykje undervegs. Ein ny og betre versjon av mønsteret vart til, med gode innspel frå deltakarane, i tillegg til mange, mange flotte jakker! Min versjon ser du nedanfor. ...og kanskje kjem det meir om den om litt.... ;)

 
Eg vart ferdig med første julegåva i september, det er ny rekord for min del... Andre prosjekt er og i gang og nokre er ferdige...
 
I desse revetider er det vel naturleg å strikke, sy og synge om revar.... Høyrer nett no Ylvis på radioen for ...?.... gang.....
Eg har laga to luer. Denne på bildet overfor og ein baggy variant. Dei fall i smak og er allereie i bruk...
 
Dette var ei lita oppdatering av dagane som har rasa av garde. Det er "høgt tempo" på kvardagen, litt for høgt fortida, men håpar det går seg til etterkvart.
 
Eg håpar å skrive litt meir her no, men det blir nok med litt ujamne mellomrom, når kvardagen tillet det. I pausene som må til i kvardagen blir det lett å ta til strikketyet, då det ligg lett tilgjengeleg og er passelig avkobling nett no.
 
 
God helg til deg!
 
Gjer dagen din god!

 

 

2 kommentarer:

Lilla dør sa...

Så jillt du er tilbake. Håper me ser deg av og til der. Mykje fint du har føre deg...likte godt dei siste strikkeprosjekta dine med rev. God helg til deg. ( klart du må være her i bloggverden no når me har fått Laila på gang og:)) klem

Maret sa...

Slik er det med dei fleste av oss, dagane fyk... Det viktigaste er at vi har det godt med oss sjølve, og kvarandre... og kan kose oss med handarbeid når det er tid for det..