Eg sydde to flaskeposar til dei minste jentene våre.
Dei har vore i bruk, slik at bildet er teke i ettermiddag og då var dagslyset vekk. Det blei difor diverre nokre mørke bilder....
Eg driv og å leikar meg med ein ny kjole/tunika. Eg plukkar litt her og litt der. Sist vi var i Kalvåg fann eg den rette tråden som passa til stoffet eg kjøpte i Ribe i sommar. Her i Florø fann eg litt meir tråd som kan passe til, og gje fine detaljar. Eg har ikkje mønster på den, men eg ser den føre meg og "har den i hovudet". Det vil vise seg etter kvart, når den er ferdig, om den blir slik eg har tenkt det;o)
Eg burde og pakke, men finn stadig andre ting å gjere. Eg har eit 3 vekers rehabiliterings opphald på Hauglandssenteret føre meg. Eg skal reise i morgon. Eg trur og håpar at det skal gje meg eit "løft" slik at eg kan fungere i kvardagen att. Det skal i vert fall gje meg div. treningsopplegg og smertemeistring som eg kan bruke når opphaldet er over. Eg trur det blir bra! Eg kjem nok til å sakne det å ikkje vere med familien kvar dag, men eg kan reise heim ei helg og dei kan komme inn dit eg er, så det skal gå bra;o)

Men no får eg sjå om eg ikkje skal gjere noko av det som eg skulle ha gjort for litt sidan.....
Ønker deg et riktig godt opphold på Hauglandssenteret, kanskje kommer det besøk en dag. Masse klemmer fra KariL :)
SvarSlettHåpar du får eit flott og nyttig opphald på Hauglandssenteret. Veit ikkje kor mykje tid du får til overs, men dei har visst ei flott handarbeids-/hobbyavdeling (hadde i alle fall) :)
SvarSlettØnsker deg et godt opphold på Hauglandsenteret
SvarSlett