tirsdag 30. juni 2009

NYT SOMMARDAGEN!



... .det gjer vi! Eg finn stadige gleder i kvardagen.......





Ei rugbrøskive med gulost og sjølv-dyrka roccola;.)




Ein nydeleg blome i skogen, som skin i mot meg på morgonturen min! ;.)










Ei fin stund på syrommet med m.a stoppefoten på symaskina.


Og ettermiddagen gav ei god stund i hagen til søstera mi, for å feire "moste-gullet" som er blitt 14 år!






Kan ein ha det betre?






Ha ein svalande sommarkveld!

.....det skal eg med eit glas kvitvin på altanen;.)

mandag 29. juni 2009

Varm dag......;.)


Det er ein varm dag og eg er glad for at sola er bak eit tynt lag med skyer....;.) Eg blir uvel når det blir for heitt i været.


I fjor i Montenegro likte eg meg best i skuggen.....


I dag er det altså flott, men ting går i langsamt tempo og vassglaset er alltid nær.



Eg har pusla på med litt forskjellig, limt ferdig biletet mitt og hengt det opp;.)




Det er kjekt å få det på plass.


Eg rekt opp att skjerfet som eg nesten hadde hekla ferdig, då eg likar betre lange, breie skjal enn trekant skjal....

Eg visste det godt når eg starta på det, men eg ville prøve mønsteret.....;.)


No skal eg starte på nytt, og då varer gleda av tråden lenger;.)



På jakka mi blir det nokre omgangar kvar kveld. Eg nyt stundene på altanen med litt strikk eller stitchery og variasjon er fint.


Jakka til søstera mi får også nokre omgangar og eg har starta med 2. erme.


I kveld håpar eg at eg kan ha ei stund framfor symaskina. Eg skulle laga litt til ei messe i Hyen......



Det er ein fin dag og eg håpar du har det fint og!

søndag 28. juni 2009

Sommarglede!


Det er heilt fantastisk å vakne opp til nok ein flott sommardag! Eg har veksla mellom å vere ute for så å vere inne midt på dagen. Så ein tur ut og inn att på syrommet....







Ei venninne stakk innom for ein prat om saum, stitchery og overføring av bilete på stoff. Det var ei kjekke stund i sola;.)


Eg har og funne endå ein syssel som går fint å gjere i sola....... Klippe ut figurar til applikasjon.


Jentene har kosa seg med jublande kvin i bassenget som vi har funne fram att. Litt figurar som toler vatn, snorkel og dykkarbriller kan sysselsette dei i mange timar.














Ei stund i sola på tepper og handklede på plenen, før ein kan avkjøle seg på nytt i bassenget, kan ein ha det betre?



Vi avslutta dagen med ein tur til den nye sandstranda som ein gjeng frivillige har laga til på Sørstrand, i den andre enden av byen.







Der var det fint å vere, ein fin liten spasertur ned til stranda.







Bord og benkar til dei vaksne og sand og svaberg til dei minste, Det er LYKKE!!









Turen kjem nok til å gå dit fleire gangar i sommar;.)



Go' sommar- kveld!

fredag 26. juni 2009

Nydeleg!


Er å kunne sjå ein slik solnedgang etter ein fantastisk sommardag.
På kvelden kom nokre skyer som vart farga lilla, rosa og gyllne, eit fantstisk fargespel!
Og i dag står vi opp til 22 grader og nok ein fantastisk sommardag.


Dagen i går vart nytt ute saman med gode venner.
Først var det Laila som inviterte på besøk, der gjekk timane fort! God mat, god prat og ein tur på syrommet hennar som gav inspirasjon til nye prosjekt som skal prøvast;.)


Deretter som ei anna venninne innom og vi kosa oss med frukt og is og enda meir kreativ prat. Ho har og funne fram og lagar til stitchery som ein fin sommarsyssel.






Så langt kom eg på mitt, etter å ha funne friplassen min på slutten av dagen saman med eldstejenta og ein god prat om det meste som kan oppta ein 13-åring. Slike stunder er gull vert!

Ein fantastisk dag!




I dag skal vi ta turen til Førde og sjukehuset, i håp om å få svar på nokre av prøvene som mellomste jenta har teke.

Ha ein flott sommardag!

torsdag 25. juni 2009

SOMMAR!!! ;.)


Endeleg kom den og det skal nytast! Det vil seie mindre tid med symaskina, og meir tid ute frå morgon til kveld;.)
I går sydde eg dette handlenettet som har kome ut på sommarbutikken.
I dag skal eg teikne slik at eg kan lage stitchery som er meir passeleg å ha ute i sola enn strikk i ull.... Strikket har eg til kvelden på altanen i godstolen..... Livet skal nytast!!!
HA EIN GOD SOMMARDAG!!

tirsdag 23. juni 2009

Jonsok!


Dagen starta med mildt sommarregn som la seg vått på alt som var ute, men det var og fint sy-vær;.)

Fine runde dropar ligg att på blada når skyene har minka og sola prøver å komme fram.

Det har den gjort no og med den steig også temperaturen;.)





Etter ein brå start på dagen, med passfoto og besøk hos politiet for å fornye passet til minstejenta, rakk vi akkurat "jonsok-toget" i barnehagen.



Fremst går "brudeparet", så kjem dei andre togande bak. Når dei er ferdig med runda vankar det rømmegraut i barnehagen, ein fin dag med andre ord.








Eg nytta tida til litt saum slik at eg kan ha nokre fleire varer på sommarbutikken. Dette er det eg har fått laga til no.



Mannen og dei eldste jentene har drege på sjøen i gummibåt saman med søstera mi og hennar familie. Det er ikkje noko for oss to som er heime, vi kan sjå jonsokbålet frå vindauget/altanen;.)



Eg riggar meg nok til der med eit glas kvitvin og litt handarbeid eller ei bok når minstejenta har kome i seng, om litt...;.)

Rapport frå sjøen; er at det er mange båtar på vika som skal sjå jonsokbålet.


Ha ei god jonsokfeiring!

mandag 22. juni 2009

LUKKE!!.....

..... må vere å bli 5 år og få ei slik gåve med besta og bestefar, som besta har måla.

Ei lita kiste med ein nydeleg alv, namn og årstalet då den var gitt.
Når ho opna skrinet kom denne til syne........;.)




Eit lite nærbilde for å vise dei fine penselstøka mora mi har fått til her.



Lukke kan og vere ei stund med symaskina, ein god kopp kaffi eller te, ei stund med strikkepinnar eller heklekrok eller rett og slett ein tur i skogen!


Lukke er og ein "murstein" av ei bok som ikkje er omsett til norsk enno, difor ordlista, som er "slukt " av 13-åringen vår på ca 2 veker og gitt vidare til neste som ventar på å lese den......

Skulefri;.)

I dag er det første dag utan skule og det skal vare i 8 veker...... Veslejenta ombestemte seg gang på gang, men kom til at ho ville ein tur i barnehagen for å leike med sine vennar. Det vart sein morgon, og dei to eldste nyt skulefri med monopol ved kjøkkenbordet.




Eg nyt dagen og har fått morgonturen min i skogen, etter det ein kaffikopp og nokre omgangar på strkketyet på fristaden min. Strikket er ei jakke til søstera mi.










Eg fekk ei jakke som ho strikka til seg sjølv, men ho har ikkje brukt den så mykje og kom til at den ikkje passa ho.


Eg fekk den og som byte for den strikkar eg no ei jakke til ho.


Det skal bli ei lang jakke!, kall meg gjerne dumsnill..., men det er kjekt å strikke og det viktigaste er at ho får ei jakke ho likar;.)
Den blir strikka i dobbelt garn, Silke-tweed og Kid-silk får Garnstudio. Dette mønsteret skal vere i heile jakka samt eit felt med perlestrikk på berestykket.
Det går fort for det er eit mønster som er lett å hugse og det er dobbelt garn og pinne nr 5,5 og 6.


Eg har og starta på ei lita jakke til meg sjølv, den er i Silke-tweed og er sennepsgul. Den har eit breitt brot og enkelt mønster så det passar til fjernsyns-/bilstrikk.
Eg fekk strikka denne biten i går då vi køyrde på besøk til mamma og pappa på hytta som dei har i Svortevik.
Der fekk vi kaffi og litt å bite i, broren til mamma, kona og eine sonen kom og på besøk så det var ei triveleg stund ute i sola, men god prat og latter, nett slik eg likar det;.)

Eldste jenta har og som oftast med seg handarbeid, denne dagen lagde ho ein 4-5 armband i makerame som ho skal ha til sal på sommarbutikken til Kreativiteten.
Eg fekk eit kvitt armband med nydelege turkise perler, då er eg klar for sommaren!






Nedanfor vegen ved hytta var det nokre hestar som minstejentene fekk mate og klappe så det var ein fin dag for alle!
HA EIN GOD DAG!

søndag 21. juni 2009

Bli med i trekninga;.)



Fin i Formen feirar og du kan vere med i trenkninga;.)

lørdag 20. juni 2009

God-solskins-laurdag!

I dag har eg vore så heldig at eg har vore nokre timar på Kreativiteten sin sommarbutikk saman med to andre frå styret. Det kom mange innom og eg har hatt mange fine samtalar med gode vener og nokre som eg ikkje har snakka med før. Det har vore ein gjevande dag, med mykje glede og latter!

Det er så mange flotte menneskjer ein kan få lov å har gode samtaler med om ein berre er tilstade!

Eg har og laga nokre små arbeid, har prøvd ein, for meg ny type tråd, Järbo tropik, det er ei blanding av bambus, bomull og akryl. Det blir mjuke og gode plagg.
Eg har laga pulsvarmarar, ein prøvelapp som kan vere armband eller pulsvarmar om eg lagar ein til.....;.)
Av litt restetråd har eg laga oppvaskklut, no veit eg kva eg skal bruke restegarnet mitt til! Det er ypperleg stikk til bilturen i sommar;.)

Eg gjort ferdig løparen som har lege sidan desember, dvs eg har sydd til lukkekanten....
Eg tenkte å ha sjølv, men har kome på andre tankar.

Eg var med på Julegåta til Merete Veian,
då lagde eg lagde ein løpar som eg gitt i julegåve.
Dei to bør vere saman så no skal den leverast, det er kjekt med sommargåve...





Eg har og laga til fristaden min, som eg har på sommartid, når temperaturen let meg sitte ute ....
Her er to stolar og eit bord med lys som eg kveikjer og nyt å sitte ute med handarbeid eller ei god bok.
Om kveldane har eg gjerne med eit glas vin, saman med levande lys gjev det GLEDE;. )
Ha ein fin kveld!





fredag 19. juni 2009

VESKEFIN!



No er veska klar til å bli overlevert til eigaren.
Det var ei grei veske å lage, men mønsteret var noko "krunglete" skrive. Det er nok ein fordel at eg har sydd nokre vesker frå før slik at eg visste korleis eg skulle sy den.....
MEN veska er fin, grei løysing med glidelåslukking. Det broderte hjertet og dei fletta hankane gjer den forskjellig frå andre vesker.
I hankane er det tjukke snorer, men det gjekk fint å sy dei fast.
Eg har sydd nokre røffe hjerter på baksida av veska, litt motvekt til det søte på framsida.....
No skal eg sy nokre små vesker/toalettvesker som skal leggast ut for sal på Kreativiteten som opnar sommarbutikken i dag!
Ha ein god dag!

torsdag 18. juni 2009

Snart sommar.....

Som skrive før, har dei siste dagane har dagane gått med til avsluttingar. På den eine fekk eg vere med å pynte borda.
Vi fann desse vakre rosene, eg plukka litt blomar frå hagen, grøne serviettar og telys samt kvit duk og det vart høgtidsstemning og flott!
Vi koste oss med taco, kaker, kaffi og brus, god underhaldning av elevane, nokre taler av lærarane, rektor og foreldre.
Til og med den eine guten reiste seg og heldt takketale. Jenta vår synes at han var kjempe tøff, og ingen visste om det på førehand. Eg synes det er flott at han i ein alder av 13 år røyser deg og held takketale for 100 menneskjer!
Elles hadde dei to klassene flott underhaldning, vi fekk moteoppvisning frå 70- og 80-talet. Jett om det var mykje latter!
Vidare fekk vi sjå bilde frå alle dei 7 åra på skulen, både ungane og dei vaksne har forandra seg, gitt!
Ein song vart og framført av to med stort skodespeltalent! Ein svært kjekk kveld som romma mykje latter, litt alvor og nokre tårer hos nokre av mødrene.....

I dag har eg baka ein haug med bollar, dei gjekk unna på sommarfesten i barnehagen.
Der fekk vi sjå og høyre dei flotte ungane våre utfolde seg i song og dans!
Dei som skal starte på skulen etter sommaren fekk utdelt "diplom", og er klar til ei ny tid på den andre sida av bygget og starten på 7 år på skulen.

Endå ein flott dag som vart avslutta med kaker og bollar, saft og kaffi. Og latter og glede av alle dei flotte ungane og foreldra.
Litt saum vart det, men bilde av det får vente til i morgon.
Ha ei god natt;.)

onsdag 17. juni 2009

Glede rett og slett;.)


Tenkte å skrive litt meir om helga som var. Det var ei god helg med flotte kreative damer, mykje latter og glede.



Det bobla i magen og kribla i fingrane for det kjekkaste som finns er å kunne boltre seg med stoffbitar, forskjellige strukturar, tråd, fargar, glitter og stas!


Her er Laila med eit flott bilde som ho lagde på kurset.

Kjempefint, og ho har planar om å lage nokre små som skal henge saman med dette. Eg gledar meg til å sjå dei når dei blir ferdige;.)





Vi var samle i eit av Førde sine gamle hus, som Marit og Andreas Bruland har pussa opp.



Huset er blitt ein draum!
Det ligg flott til ved elvekanten ....
dette er utsikta som ein kan nyte både inne og ute...











Det var ei stor stove der vi kunne sitte mange å sy, eit kjøkken mellom stova og butikken.
Overnatta gjorde vi på loftet og vi var 4 damer som hadde kvart sitt rom, LUKSUS!
Mykje fint vart laga på dei to dagane vi var der ......
og Anne Beier Finnestad er ein god kurshaldar og inspirerer til å laga mange forskjellige produkt.
Eg skal laga meir når denne veka er over. Den har nokre avsluttingsfestar og det er kjekt å vere med på.
Markering av at eldste jenta no er ferdig med 7 år på skule og skal over til ungdomsskulen, ein ny epoke skal starte;.)
Spennande!
Avslutting av barnehageåret, minstejenta skal over på friluftsavdelinga i barnehagen, som er for dei eldste barna i barnehagen, det er og ein ny epoke.
Eg skal få vere med på begge deler, får hjelpe litt til og håpar at festane blir kjekke for alle;.)

mandag 15. juni 2009

Helgefryd!

Helga har vore fantastisk fylt av glede og kreativ utfolding! Kjekke damer, god humor, eit fantastisk hus, og ein dyktig kurshaldar.



Her er så langt som eg kom i helga, der vart ein løper som manglar lukkekant og eit bilete som skal festast på eit lerret.
Det kjem bilete av dei når dei er ferdige;.)






Ha ein god dag!