Det skulle vere regn og ruskevêr i helga, så eg hadde skrinlagt tanken på å få krukkene ut av vinterlageret i garasja. Regnet kom ikkje i dag, så mannen min fann ut at han ville rydde opp i garasja. Han tok ut hagemøblane i veka som var slik at vi kunne nyte solstrålane som var då;-) Rydding vart ikkje prioritert då....
Eg fekk tømt krukkene, med god hjelp av veslegullet og plukka litt meir i bedet. Etter å ha kvilt ryggen litt, kom eg meg også ein tur til hagesenteretder vi fekk blomar og blomsterjord. Så i morgon skal eg få planta til i krukkene og få dei på plass ved inngangsdøra vår.
Så håpar eg på sol slik at eg kan vere ute å nyte den og blomane med strikketøy i hendene;-)
Eg har starta på ein bolero, "garnbutikken min" har fått inn lin frå Garnstudio. Denne tråden har eg ikkje prøvd før. Tråden har ein nydeleg glans og eg gleder meg til å bruke boleroen når den blir ferdig.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Det er kjekt å høyre frå deg;o)
Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)