fredag 3. januar 2014

Nytt år og nye mogelegheiter!

 

2014 nytt og blankt og full av mogelegheiter. Det kjem til å bli eit spennande år og eg håpar at eg kan skrive her med jamne mellomrom.

Hausten i fjor var travel med ein vekependlande mann, men enn så lenge blir han heime. Vi satsar på at det varer.

 

Det vil i så tilfelle gje meg meir tid til å vere på yndlingsplassen, syrommet..... Samt god tid til å vere saman med mine kjære.

Då vil det i tillegg til nye og fleire strikkeprosjekt og snike seg inn syprosjekt her.

 

Håpar det nye året ditt og blir godt, kreativt og med mange spennande mogelegheiter!

Gjer dagen din god!

2 kommentarer:

  1. Godt nytt år! Likte godt mønsteret på det lilla strikket du viser, kva teknikk er dette?

    SvarSlett
  2. Godt nyttår! Jillt å ha deg på bloggen igjen. Du har så mykje inspirasjon å gi!!! Håper på mange mogelegheter og eit kreativt år. klem
    Håper eg ser deg snart igjen her:))

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)