Eg finn ofte former og fargar som fengslar meg. Det kan vere steinar eller som her, ei steintrapp. Denne går opp til Cooperhuset i Balestrand, som blir nytta til festivalutstillinga på Balejazz
Denne veggen er også fantastisk, den er i det nye tilbygget på Kviknes Hotell.
Denne siste er ikkje stein, det er eit kaffikrus. Det sto på bordet ute og sjå kor fint mønster det vart i koppen av bordet........;.) Ja det er mykje ein kan finne ein søndag i Balestrand, og kaffien var god!;.)

Ha ein fin vårdag, i Florø er det sol og temperaturen er stigande. Livet er godt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Det er kjekt å høyre frå deg;o)
Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)