onsdag 13. mai 2009

Balejazz

Mannen min og eg er så heldige at vi fleire år på rad har kunne reise til Balestrand på Balejazz. Det er ei oppleving som eg verkeleg vil anbefale på det varmaste! I år var det svigermor som var så grei at ho kom ut hit og var med jentene, til stor glede for alle!

Vi fekk med oss 4 svært gode konsertar med unge norske jazzartistar og eg kan gjerne høyre desse om att;



Kristin Asbjørnsen med band, svært dyktige musikarar! Den spesielle stemma til Kristin er fantastisk både på konsert og på CD. Ho er ein av dei artistane eg lyttar mykje til.

Ola Kvernberg Trio, fiolin, kontrabass og trommer er spennande;.)Eg har vore heldig å få med meg fleire konsertar med denne trioen. Det er noko heilt anna enn den første konserten, men dette er og svært dyktige musikarar.
Mari Kvien Brunvoll i Engelsk-kyrkja var ei nydeleg oppleving. Den vare, nydelege stemma til Mari i kyrkjerommet fylte oss med ei nydeleg stemning. Eg er svært glad i konsertar i denne kyrkja det er ei god stemning og god lyd og mykje vakkert å kvile auga på når ein er på konsert her. Det er fyrste gangen eg har høyrt henne og eg gjer det gjerne fleire gangar!

Til slutt var vi på konsert med Arve Henriksen, det er alltid kjekt. Denne gangen var han i "storform" og serverte flott samspel med dei to andre artistane samt underfundige dikt og ein tøff sang om seg sjølv og Førde. Refrenget var "Førde er ei grøft" Det vart mykje latter av det han sang om då;.)

Når ein då kombinerer konsertar med god mat og drikke og samvær med gode venner blir det ei god vitamininnsprøyting.
Eg fekk og med meg den festival utstillinga som ein finn i Cooperhuset på biletet. Eg var og innom fleire kunstnarar som har tilhald i Balestrand, det er alltid kjekt med ein god prat og kunne kjenne på trearbeid, ull og ulltråd... samt nyte vakre akvarellar med nydelege visdomsord på.....


Kviknes Hotell som held hus til fleire konserter, huser artistar og gjester er ein fantastisk bygning både utvendig og inne. Det ligg vakkert til ved fjorden og er vakkert utsmykka innvendig, ta gjerne turen dit!

Men no er det brødbaking og symaskina som kallar...... Ha ein god dag!

1 kommentar:

VELKOMMEN sa...

Så flott et innlegg, jeg fikk lyst til å gå på jazz konsert igjen. Kommer opprinnelig fra Kongsberg og første uka i juli, ja da er det JAZZ.
Så flott hotell - ja, der må det være kultur.....
Ha en fin dag :0) (0: