søndag 9. oktober 2011

Rosa natt - vognteppe



Ei flott dame, som eg har vore saman med i helga, har laga dette vakre vogneppet.

Er ikkje dette fantastisk! Eg måtte berre vise det fram.

Nydelege fargar og prikken over i'en er dei grøne stilkane.




Ho har teke utgangspunkt i mønsteret til løparen Rosa Natt av AnnaKa og teikna og justert det så det passar som vognteppe.



Eit flott arbeid som heilt sikkert kjem til å glede mottakarane og vere vakker pynt i vogna!










Teppet er vakkert komponert og med mange flotte detaljar!

Perler  og blonde pyntar opp saman med applikeringar i både svart og kvitt.

Eg synes blomane i dette mønsteret er nydelege. Eg trur eg har endå eit prosjekt på "vil gjerne lage lista".....



Gjer dagen din god!

8 kommentarer:

Bente sa...

Ja, det var eit nydeleg vognteppe.
Flotte detaljar.

LeKaQuilt sa...

Din venninde har sydd ett aldeles nydelig vognteppe. Likte dette veldig godt :o)

ahli sa...

Nydelig teppe.

Astrid

PJs Lapperier sa...

Ohhhh...vad fint teppe!!

Libe sa...

Nu har jag tittat igenom hela din blogg :D och jag måste säga att du gör en massa fina saker och du ger en massa inspiration :) /Tack

KariL sa...

Heilt enig. Det var eit fantastisk teppe og eit nydelig arbeid.
Heldig er den som får eit slikt teppe.

Klem:)

Anonym sa...

І know this web pаgе presеnts quality
dеpendent content and otheг information,
is there аny οtheг wеb ρagе
which presеntѕ these kinds of stuff in quality?



Alsо ѵisit my ωeb sіte ...
Arjun Kanuri

Anonym sa...

It's really very difficult in this full of activity life to listen news on Television, thus I only use internet for that purpose, and take the most recent news.

My website :: online reputation management company