onsdag 6. mai 2009

Sommar-prinsesse;-)


I dag har det regna det meste av dagen, med nokre få korte solglimt av og til. Det har vore ein fin dag med symaskina;-) Eg har laga ein sommarleg prinsessekjole, vesla vart lukkeleg eigar av ein ny dansekjole. Den ligg klar til bruk i barnehagen i morgon:)




Dette var ein fin kjole, grei å sy og med raglanermar som eg er veldig glad i. Eg har brukt eit blomestoff som mamma har hatt liggande i skåpet sitt sidan eg var lita. Eg hugsar ikkje kva ho lagde av det, men eg er så heldig at eg har enda ein god del att;-) Det gule stoffet på ermane har eg funne i det rike utvalet hos Florø Husflid, ei god blanding av nytt og gammalt....




Mønsteret her eg funne i boka Barn igjen, eg har endra litt på modellen. Det er fordi mine jenter vil ha dansekjole... dvs kappekjole som står ut når ein dansar rundt;-)





Den fall og i smak hos 7-åringen, så eg skal få lage ein i lilla til ho;-) Ho gledar seg til den er ferdig, men det blir om litt då eg skal til Bergen i morgon og på tur i helga....

Eg er spent på morgondagen, eg skal til undersøking og får truleg vite om eg skal ta ryggoperasjon eller ikkje....

1 kommentar:

Laila sa...

Du er heldig som har slike prinsesser å sy fine kjolar til. Lukke til i morgon.