mandag 5. september 2011

Kystdag

I går var eg heldig å fekk treffe mange kjekke, kreative ungar. Eg hadde med ull, såpe, perler, nål og tråd.

Kvart år er 4H med å arrangerer Kystdagen på Kystmuseet i Florø. Eldstegullet og eg skulle hjelpe små og store med å tove. Mange ville prøve og mange flotte kreasjoner vart laga.



Her er det vi kom heim med. Ein haug perler, og bitar med tova ull som eg trur skal bli pynt. Kanskje eit bilete eller pynt på ei veske. Kulene kan bli armband eller pytn i vindauget. Vi får sjå kva det blir når vi set i gang, gulla mine og eg....;o)

Det var ein kjekk dag og det å trille kuler og prate med glade ungar gjev godt påfyll. Å sjå kor dei kosar seg med fargar, vatn og såpe før dei pynta med perler var ei stor glede for meg. Dagen gjekk fort og eg kjende kor kjekt det er å leike med ull. Reinare hender har eg vel ikkje hatt på lenge...


Her er kreajonane til minstegulla mine.

Glade fargar og det som skulle verte ei kule vart ein fin blome....

Det er det beste med å lage og forme. Om det ikkje blir det du har tenkt deg, blir det noko fint, det er berre å justere litt og tenke nytt;o)

Kula kom på andre forsøk.....









 


Her har minstegullet laga ein sverdfisk, eller kanskje er det ein hjort, eller reinsdyr..... 

Det blir spennande å sjå kva ho vil bruke det til. Eg gleder meg til å sjå kva ho vil gjere vidare.

Det er berre å prøve, der er kjekt, litt vått og gjev mykje glede!

Gjer dagen din god!

1 kommentar:

Ann Tove sa...

Høyrest artig ut. Ja, det er kjekt å sitte saman med ungar og berre la kreativiteten boble. Spennande å sjå kva ulla blir brukt til vidare.