onsdag 7. mars 2012

Grøn glede....


Sist eg var i Bergen snopa eg litt hos Quiltekroken.

To av stoffa passa perfekt til eit prosjekt som eg lenge har tenkt eg skulle prøve meg på.

Denne boka, har eg kikka fleire gangar og funne mange kjekke prosjekt som eg har laga . Det er mykje inspirasjon i den og kvar gang har eg kikka ekstra lenge på eit prosjekt.


No har eg kikka lenge nok, og fram kom dei grøne stoffa, grønt tilbehør og ein fargeklatt.


Etter litt saum både på maskin og for hand er eg lukkeleg eigar av dette pennalet som kan brukast til så mangt, ikkje berre blyant og pennar.....

Inne i pennalet har eg brukt eit stoff om att. Det var ein gang eit lite putetrekk, no pyntar det innsida i denne;o)

Har du ei grøn glede? eller andre gleder?

Gjer dagen din god!


6 kommentarer:

  1. Kjempefint. Friske fine farger.

    Astrid

    SvarSlett
  2. Flott!! Litt morsomt for eg sat nett og såg på dette mønsteret men valde eit anna :)

    Klem Laila

    SvarSlett
  3. Den var fin, og brukandes til mangt. Flotte vårfargar.

    SvarSlett
  4. Fine og friske farge. Tøfft med alle dei knappane på.

    SvarSlett
  5. Knallstilig!! Knappetøft!!

    KariLklem:)

    SvarSlett
  6. Her var det herlige vårfarger!
    Smart ide med knapper som pynt

    SvarSlett

Det er kjekt å høyre frå deg;o)

Legg att ein kommentar og eg kjem gjerne på besøk til din blogg;o)