onsdag 3. august 2011
Utflukter...
Vi nyt sommaren og frydar oss over eine dagen etter den andre med sol og varme. Utfluktene går oftast til småplassane nær "huset vårt". Stranda er og eit ynda mål. Minstegulla kosar seg storleg over å kunne bade, bygge sandslott, finne krabber, steinar og sjel.
Vi vaksne og eldstegullet badar noko mindre enn dei to minste, men finn roa med bøker og eg med lydbok og broderi. Då kan eg nyte sola, passe jentene i vasskanten med ei go'bok på øyret.
Bøkene er lette å ty til og eg har lese ut dei to bøkene eg hadde med, den eine lydboka heldt akkurat til dagens strandtur. Det går bra, for eg har enno med meg to til.... Lesehest/lydboklyttar har eg alltid vore, og med late feriedagar tek det ikkje lange stunda å komme gjennom bøkene.
Men i går var det dagstur. Først til Frederikshavn, der vi tusla i gågatene det var mykje å sjå på for både liten og stor..... Eldstegullet og eg fann STOF 2000;o), der var det mykje fint og min kjære gjekk fleire turar og kom innom for å høyre om vi var ferdige.....
Etter nokre timar gatelangs og litt mat gjekk turen vidare til Skagen. Der vi parkerte og tok beina fatt i gatene mellom dei gule husa. Vi måtte og ein tur ned på kaikanten, der det var yrande liv på alle fiskerestaurantane, på plassen utanfor og i de mange flotte seglbåtane om låg ved kai.
Deretter sette vi nasen ut mot Grenen. Der tusla vi langs stranda, heilt ut til spissen. Ein flott kveldstur og minstegulla vassa og sprang i bølgene. Det går ikkje å bade der, men vasse gjekk fint. Mange steinar vart samla, bilder knipsa og minnene er lagra., men dette bildet er frå stranda i Hou i Hals, der vi camperer denne veka.
Om kvelden er det godt å komme inn att, skylle av seg saltvatn og sand og sette seg ned ute med noko godt i glaset.
I dag var det te, kjøpt i Hals. Plutseleg sto den der, den boksen med Kusmitea som eg hadde vore på utkikk etter. Den pluss litt fleire "heilt nødvendige saker" vart med i posen heim......
Men no har freden senka seg, minstegulla er kome i seng og eg skal ha eit glas raudvin ute saman med min kjære. Eldstegullet har trekt seg tilbake til senga si med musikk eller lydbok i øyra og strikkety i hendene.... Det var noko kjent med det....;o)
Gjer dagen din god!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Høyrest ut som den perfekte ferie:)
Legg inn en kommentar