søndag 31. juli 2011

Heldiggrisar.....


Ferien vart som bestilt! Vi reiste i fint, varmt veir. Tusla rundt i Bergen i solskin og varme. Før vi sette nasa sørover til endå meir sol og varme!


Båtturen var fin og vi kunne sitte ute i sol og med lette klede. Nett slikt har vi hatt underskot på i heile sommar.





Vi nådde målet, til endå meir varme og eit fantastisk flott hus vi skal disponere i ei veke.

Det er god plass både inne og ute. Stor terasse, nokre plassar med overbygg og ein stor, flat plen omkring huset.

Det er ikkje vanskeleg å nyte dagane her.





I dag vakna vi til endå ein nydeleg dag og stranda var målet. Der kunne vi nyte livet både små og store.

Gulla bada i eitt. Vi vaksne kunne og bade, både vel og lenge, utan å få krampe eller riste og skjelve. Det er første gang vi kan gjere det ute, denne sommaren.....

Eg bada og i Molde sist veke, men då vart det eit kort bad, og nærast på trass.....


Nydeleg fin, mjuk sand, solskin frå blå himmel, eit handkle og ei god bok gjorde at timane fauk.

Det var langgrunne med mjuk, god sand så vi kunne slappe godt av medan ungane bada av hjartans lyst og vi slikka sol.

Vi kasta eit blikk etter dei i ny og ne og vi kunne sjå at dei fryda seg.



Jepp, all frustrasjon og irritasjon tidlegare i sommar er blåst vekk og vi nyt SOMMAREN!!!

No er gulla og min kjære i gang med ballspel på plenen. Endå meir go' lyd, latter og glede fyller kvelden.

Ja, vi har det godt!!!


Gjer dagen din god!

Ingen kommentarer: