torsdag 28. juli 2011

Ein god dag!

Vi har pusla på heime i nokre dagar. Dvs. eg har vaska klede og pakka om, og jamman fekk eg ein dag på syrommet;o) medan dei andre i huset var opptekne kvar med sitt. Det var veldig kjekt å kunne klippe sy og pusle på for meg sjølv og bruke tankane på noko kreativt att. Det har vore ei stund sidan sist.

Det første eg tok til med var å blade litt i stoffhylla. Der fann eg nokre stoff som passa saman. Eg ville så gjerne prøve mønsteret til skjørtet frå boka Barn igjen.

Det var eit godt og enkelt mønster å følgje og det passa fint på Veslegullet. Skjørtet kom på, nesten før eg hadde klipt av tråden.... ;o) Ho var svært nøgd og snurra rundt, som vanleg.... og godkjende det med ein gang. Det har vore på jenta til det var moden for ein vask. Med slik god tilbakemelding kan det nok godt hende at det blir fleire.




Skjørtet var raskt å sy då eg brukte overlockmaskina mi;o) Eg var så godt i gang og nesten før eg visste ordet av det var eg i gang med neste prosjekt. Mange lappar små vart pusla saman og vips var toppen til brikka og løparen ferdig. Eg har overført mønsteret til broderiet og pakka det med i bagasjen. Ut på tur, aldri sur! i vert fall ikkje når eg har pakka lesestoff og handarbeid og reiser saman med mine kjære.



Ver raus med klemmane og gjer dagen god!

2 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Eg synest også det er artig å sy dette skjørtet. Er jo ikkje så trent på sying, men dette mønsteret er også greitt for meg å forstå:) Går nok litt fortare med overlock, ja.
God tur!

Bente sa...

Flott skjørt.
Lykke til med broderinga.
Og ha ei flott tur :-)