mandag 7. desember 2009

Endå ei god helg....


Laurdagen starta med juleverkstad til 4H. Eg hadde ansvaret for "kunst og handsverk"... vel, der var det mogelegheit for å laga papirpynt, nissepynt og hjerter i ullfilt. Det var ei kjekk stund som vart avslutta med kaffi og nybakte julekaker.

Resten av dagen fekk eg ikkje gjort så mykje anna enn å bake rundstykke og pizza til kvelds.




Søndag starta eg med friskt mot og fekk ferdig desse hjerta og bileta, dei har eg og tenkt å ha på Kreativiteten, og då er det nok for min del i år.;O) Eldste jenta har og varer for sal i butikken. Det er makramesmykker, kort og maskemarkører.

Deretter var det tid for å lage deig til julekaker og medan dei sto kaldt fekk eg meg ein flott tur på Brandsøyåsen. Det er over eit år sidan eg har vore på toppen!!! Yes! i går kom eg opp;o) Eg tok bileter i rein glede og det bles så pass på toppen at siste bildet vart noko sløret.....


Sein på ettermiddagen hadde eldste-gullet og eg samarbeid;o) Ho skar opp silkekakene og la dei på bretta og eg passa dei medan dei var i omnen og la dei på rist. (I oppveksten og framleis kallar vi desse silkekaker, men dei blir og kalla sjakkruter) Ho med Harry Potter på øyret for ???-gang og eg med litt handarbeid mellom bretta. Ho er veldig glad i lydbøker, nett som mora..., og har høyrt alle Harry Potter-bøkene mange gangar. No har også mora og mellomste-gullet starta på desse bøkene.....;O)

Då er eg klar for julekakebyte;o) Vi er 7 damer som bakar ei sort kvar og så møtast vi ein kveld med ost, kjeks, raudvin og gløgg..... Når eg då kjem heim, etter ein kjekk kveld i godt selskap, har vi plutseleg 7 kakesortar i boksane våre som vi kan nyte i adventstida;o)

I kveld skal eg få vere saman med dei kjekke damene i Florø Husflidslag på Adventsmøte. Eg gleder meg til god snakk, god mat og kjekk underhaldning. Det skal bli ei kjekk stund!

Ha ein fin dag!

1 kommentar:

Ravheksen sa...

Hvor er de smukke dine billeder fra bjerget.
Taenk at bo saa smukt.
Haaber du faar en dejlig aften:-)