lørdag 12. desember 2009

Hjerteraud....

Vel, eg skreiv eg var ferdig med å sy til Kreativiteten i siste innlegg.... men så hadde dei fått spørsmål om raude hjerter og det hadde vi ikkje så då tok eg heklekroken lagde nokre få til. Eg hadde og litt raudt stoff liggande og då vart det jammen nokre fleire hjerter som er kome på plass i butikken.

Adventsmøtet var ei kjekk stund og eg var så heldig at eg kom heim med ein nydeleg bukett og ein engel. Buketten fekk eg for innsatsen eg hadde gjort til husflidsmessa.
Engelen vann eg på loddsalet og eg trur ikkje eg kan få nok englar......  Er den ikkje søt?? Den har fått plass i kjøkkenvindauget vårt slik at eg ser den fleire gangar for dagen;o)

Veka har spurta av garde med trening, jobb, gode stunder med vennar, kakedeling, lusiafeiring i barnehagen. Litt gåvekjøp, strikk og hekling av julegåver og familiesyslar. Ei god veke med andre ord!

God helg til deg!

1 kommentar:

Laila sa...

Flott julebukett du har fått. Den er sikkert fortjent :) Var faktisk innom Kreativiteten no i veka. Masse flott å sjå der.