mandag 16. november 2009

Ny veke;o)


... og den starta med nok ein solskinsdag... Dette er utsikta frå vindauget mitt;o)

Tida her ute på Haugland går fort. Dagane er fylt med trening og ettermiddag/kveld med kreative syslar og samtaler med dei andre som har opphald her.




Eg har prøvd ting eg ikkje har gjort før eller ikkje har gjort på lenge og det følast så godt når ein gjer det og ein ser ein får det til! I veka som var har eg ridd for første og andre gang.... 1. gang var eg noko anspent;o), men dagen etter kunne eg slappe av og det gjorde godt for ryggen.
Eg har og gått i bratt terreng og fekk ei nydeleg utsikt ned att til senteret og fjorden, det har eg heller ikkje kunne gjort  på lenge. Eg kjenner det går farmover, om enn med små steg. Og det er godt å kjenne at eg er på rett veg!

I helga var eg ein tur heimom og fekk med meg husflidsmessa som eg har vore med på å få i stand. Eg var berre innom og dei andre i messestyret og den flotte dugnadsgjengen gjorde ein fenomenal innsats slik at messa vart gjennomført med smil og glede! Det er godt at vi har så mange flinke damer som stiller opp og er med.


 Eg fekk "snopa litt" redesign.... Ein engel laga av traktor/bil slange, ei veske frå Luddeklær der strikket mitt har kome på plass. Og sist men ikkje minst henta mykje inspirasjon av å gå å sjå på alle dei flotte produkta som er laga og blir selde.


Håpar du får ei fin veke og ein god dag!

Ingen kommentarer: