tirsdag 17. november 2009

Kveldsarbeid;o)

Etter dagar med minst to treningsøkter er det godt å sige ned i sofaen etter middag med handarbeid i hendene og la praten gå med dei andre på senteret. I pausane mellom treningsøktene er det og godt å slappe av med lydbok på øyret og handarbeid i hendene;o)


Difor har eg fått ferdig ein overdel til ein ny kjole. Det eg no angrar på er at eg la stoffet att heime slik at eg ikkje kjem lenger...... Vel det er berre å vente til eg kjem heim.... Ååååå....
Det er kjekt å kunne plukke ein ide her og ein der og så sjå om overdelen blir slik eg har "sett den føre meg"
Kanten i halsen kom medan eg trakka i veg på ein ergometersykkel i eit rom utan vindauge. I løpet av 10 min oppvarming før vekttrening er det nødvendig å kunne tenkje kreativt.... Det å sykle på ein slik, er nemleg ikkje det kjekkaste eg veit....
I dag då eg skulle sykle i 25 min og skulle tøye grenser var eg så oppteken av å halde farten oppe at det ikkje vart kreativ tenking i det heile;o) Men då hadde eg den vakre fjorden å sjå på;o) Og fokuset var å tøye grenser;o)


Eg hadde og eit tur i ein av motbakkane som er her inne og på veg ned att kunne eg la auga kvile på denne fine utsikta...
I ettermiddag var vi nokre som var heldige å få omvisning på Dalsåsen Kunstnersenter. Det var nokre fantastiske bygningar! Diverre var det mørkt når vi var der så eg fekk ikkje sett utsikta og husa frå utsida, men kanskje får eg sjå dei att i helga i dagslys;o) Då kan eg også få teke nokre bilder.....




Eg har og fått "bestilling" frå mellomste jenta på ny hue og sjal. Hua er ferdig og sjalet er under arbeid;o) Ho har fått nye lilla vintersko og då må ein berre ha hue og sjal som matcher;o)
Minste jenta ville så gjerne ha eit gult sjerf, så eg må nok på butikken etter gult garn når eg er ferdig med sjalet;O)

Ha ein nydeleg dag!

Ingen kommentarer: