onsdag 11. november 2009

Meistring...;o)


Nok ein god dag er over;o) Det er godt å meistre meir enn kva ein i utgangspunktet trur ein greier.... Eg har for eks. gått ein tur på ca 4 km i dag. Det er over 1 år sidan eg sist eg kunne gjere det! Målet for turen var ei vik 2 km frå senteret der var det kveikt bål og vi kunne velje mellom kaffi, te og kakao. Alt var lagt til rette for oss! Teen smakte godt medan eg let auga kvile på denne vakre utsikta....

Deretter kunne eg trene i basseng i 45 min for så å kunne nyte 45 min med avspenning i bassenget. Eg kunne greie alt dette i løpet av dagen, eg kjenner godt at eg tøyer grensene for tida, men det går framover og det er ei god kjensle!





Dette bildet er IKKJE frå bassenget, men frå turen i føremiddag...;o)

Det blir god tid om ettermiddag og kveld til handarbeid og i dag kunne eg feste tråden på genseren til eldste jenta vår.


Ho var godt nøgd med resultatet og gledar seg til ho kan få bruke den;o)







Den har ein lang og god hals og er strikka i Bris frå Gjestal som gjev ein mjuk og god gensar.


Handarbeid i hendene og lydbok på øyre er god rekreasjon etter å ha tøygd grensene i løpet av dagen;o) Eg nyt det!



Ha ein god dag!

Ingen kommentarer: