tirsdag 10. november 2009

Rimfrost

Det er berre heilt fantastisk flott å gå på tur i den nydelege naturen som er her inne og når sola kjem fram kvar dag er om mogeleg endå meir fantastisk!

Dei siste dagane har det vore rimfrost og det glitrar så fint i sola. På turen min i dag var det ei fantastisk utsikt som eg kunne kvile auga på når eg snudde på heimveg. Eg prøvde å fange den med kamera på mobilen min, men eg ser at sola har gjort til at det ser ut som om det er skyer eller skodde på biletet.....

Eg prøvde og å vise det flotte trekant-mønsteret som stråa og rimen laga på vegen, men det må de sjå føre dokke.... Det var kvite trekantar i skuggane til stråa.


Når eg så kom litt lenger dit sola ikkje hadde fått tak, var alt kvitt av rim. Det var nydeleg.....

I dag har eg og kunne sitte å sykle og sjå ut over den spegelblanke fjorden, det er no godt å ha noko vakkert å sjå på når ein må trø i veg......

Elles har eg og funne denne stolen, det må vere ein riktig storkar som har eigd denne og her ser de den flotte utsikta han har kunne nyte når han trona i stolen.......



Ha ein nydeleg kveld!

Ingen kommentarer: