torsdag 3. desember 2009

Englefryd i desember.


Advent er den tida då vi skal kose oss og nyte tida fram mot jul. Det er det alle seier, men når eg har kasta eit blikk på framsida til vekeblada i den seinare tid så skal dei hjelpe oss med å stresse ned..... Vel, litt kav blir det nok no med julebakst, gåvekjøp og avsluttingar i skule og barnehage, men eg trur likevel at eg ikkje treng hjelp til å ikkje stresse..... heile tida, om det blir stress så får eg ta fram strikkepinnane, heklekroken eller nål og tråd, då pleier skuldrene å senke seg av seg sjølv.....


Eg er i vert fall glad for å ha jentene mine, med si forventning i denne tida. Det er lett å la seg rive med når dei med strålande auge, og med forventning og glede i stemmene, frydar seg over tida vi no er inne i. Med ekstra lys både inne og ute, med kalendertrekking heime og på skulen, og i barnehagen. Med julemusikk på radio og cd skal det noko til å ikkje fryde seg saman med dei. Eg skal kose meg i denne tida og det eg greier, greier eg;o) og det eg ikkje vinn over, trengs gjerne ikkje....;o) Kos skal eg ta meg tid til saman med familie og venner!

Bildet er av kalenderen som jentene deler på, posane sydde eg då eldstejenta fekk kalenderen sin, det er no ei stund sidan..... Den har alltid hengt på kjøkkenhylla og det er ikkje advent utan at den blir hengt opp, iflg ho. Det er kos for meg når eg seint på kvelden sist i november heng opp posane og gledar meg til jentene vaknar og ser at den er kome opp.... eg kan gjerne fryde meg over det...;o) og kalenderen vi har fått av eldste-gullet! som til no har gitt oss nissesjokolade og twist, mmmmm....


Her er og englane mine ferdige. Det har vore kjekt å pynte dei og denne gangen vart det perler, hekl, lin og paljettar som prydar dei. Dei skal eg ha ned på julebutikken til Kreativiteten.

Dei to største står av seg sjølv og dei tre andre kan hengast opp til pynt.


Nyt kvelden og adventskosen!

1 kommentar:

KariL sa...

Heeeerlige engler. Helttttt.... skjønne. Eg nyt adventstida så mykje at ho held på å gå frå meg. Som du skriv, litt hadde det no vore kjekt å få gjordt. Trudde eg ikkje skulle bake så mykje, men no er snart fire porsjoner vekk (les oppspist av studenten(e) i Bergen) Ha gode dagar. Klem frå meg til deg.