mandag 25. januar 2010

Hjerteleg velkommen!!!

Eg har lenge tenkt at eg skulle tove nokre hjerter i kremkvit/kvit. Desse skulle eg henge opp i vindauget ved sida av inngangsdøra vår.

Ull, det har eg, utstyr til å tove, det har eg og...., men har eg fått laga dei? ....nei ikkje endå;o) Men no har eg sydd nokre i ullfilt og nokre i bomullsstoff, pynta dei med bilete, hekla pynt eller perler. Dei og ei lekkje av turkise "steinar" og bitte små konkyliar pyntar no vindauget og helsa oss som bur her, og alle andre som vil komme på besøk, hjerteleg velkommen!!;o)

Tanken er at det etter kvart skal komme tova hjerter i tillegg til dei som no heng der. Om det blir i tillegg til dei som er der, eller om dei blir bytt ut, vel det vil tida vise;o).



Det var vanskeleg å ta bilete. I dagslys fekk er refleks i vindauget av det som er ute, i mørket fekk eg refleks av blitsen og det vart ikkje noko bilete. Håpar at de likevel får ein ide om korleis det er, om ikkje får de komme på besøk om de vil sjå dei;o)




Dette biletet vise hjerta inne frå gangen, ser de kva hjorten har gjort med eføyen vår?
Det var ikkje kjekt å oppdage, men han har altså ete vekk alle blada i ei stripe mellom snøen og så langt han har nådd frå bakken.
Eføyen har dekka muren opp til garasjen. Vi planta den sommaren vi flytta inn i 1993 og den har fått vere i fred for hjorten heilt fram til no.

Vel, enten kan vi fjerne den, men eg vil ikkje sjå den stygge muren, eller så må eg tenkje nytt og la meg sjølv verte overbevist om at det er tøft og skal vere slik til det veks ut att. Forandring frydar......!

Eg er i tenkjeboksen, og uansett kan eg ikkje gjere noko med det no.....;o)

 God dag til deg!

2 kommentarer:

Elins systue sa...

Nydelige vinter hjerter

Laila sa...

Så koseleg det såg ut med dei hjerta :) Ikkje fullt så koseleg med eføyen.... Vi har også hjort gåande nær huset, men enno har dei ikkje tort seg ned i hagen. Dei er absolutt kjekkast på litt avstand :) Eg har ikkje så god greie på eføy, men det skulle ikkje forundre meg om den veks ut att på eit blunk.