torsdag 21. januar 2010

Kreative syslar....

Inn i mellom ryddinga har det blitt litt kreative krumspring med strikkepinnane.


Resten av Kauni-nøstet vart pulsvarmarar. Eg likar at dei ikkje er i same farge, men likevel eit par då fargane går så fint over i kvarandre. Dei passar god og har vore i bruk allereie;o) Mønsteret er henta frå sjalet, og elles er dei strikka etter "innfallsmetoden"..... Lagt opp til å passe meg og strikka eit stykke, auka litt og felt av når eg nådde enden på tråden. Så no er det ikkje ein rest att av den tråden;o)


Eldste hadde bruk for eit panneband når ho skulle ut i snøen. "Det skal vere slik som denne halsen, eller kanskje litt smalare, så breitt og litt tjukkare" sa ho og viste meg halsen som bestemora har strikka til ho. Vel eg tolka oppgåva slik: .......;o)
Ho var nøgd, så då har eg tolka ho rett;o) Eg brukte Sterk frå Du Store Alpakka, restegarn frå julegåveproduksjonen. Det er mjukt og godt.

No har eg funne fram restane frå kjolen min og har ein ide om nok eit sjal. Eg likar så godt dette mønsteret og så vil eg kombinere det med eit spindelvevmønster eg har funne i ei bok, trur eg ..... Det vil vise seg om eg blir nøgd når eg kjem så langt.....

På bildet ser de nokre av dei kjekke gåvene eg fekk til jul. Mappa inneheld eit sett med verdens beste strikkepinnar!!! KnitPro Symphonie;o) og Årsplanleggaren Inspirasjon med sitat av Paulo Coelho. Den er berre vakker!

Ryddinga gjorde at eg fann eit broderusk-prosjekt som eg tenkte å gjere ferdig. Det skal bli ei lita mappe/veske til, ja som det står skrive: småsaker.....;o) Utgangspunktet er frå Northern Quilts, og så har eg laga min vri på det…..

Ha ein fin vinterdag!

2 kommentarer:

Kerstin sa...

Så masse fine ting du lager. Du er virkelig kreativ. Husker du meg fra Hauglandsenteret? Jeg har lagt inn en kommentar til deg lengre nede i innslagene dine ;)
Klem Kerstin

KariL sa...

Hei på deg igjen! Like kreativ som vanlig. Godt å se. Tenk om jeg skulle rydde på mitt syrom, tør ikke tenke tanken, men det ville sikkert dukke opp noen ukjente ufoer. Ha en god kveld.