lørdag 9. januar 2010

Pausestrikk

 Jula er på veg ut og eg plukkar litt av gangen. Det går langsamt med ein del pausar.


Mannen har fått ut juletreet, småjentene har hjelpt til med å plukke vekk nissar, englar m.m. No skal det pakkast ned i kista og det skal eg gjerne gjere med all den hjelpa eg har fått så langt.

Pausane nyttar eg til å strikke på eit nytt prosjekt, eg kjøpte eit nøste Kanui i alle regnbogens fargar, i ferien i Ribe. Eg har lenge tenkt på kva eg skal lage av det og har valt dette sjalet. Det er vanskeleg å legge vekk strikket for overgangane mellom fargane og fargane leikar seg så fint. Eg skal berre strikke ein pinne til...... kjem stadig frå meg når eg skal gjere noko av det eg bør gjere;o)

Eg starta på dette, då Folklore er blitt fjernsysnsstrikk, resten av jakka er i glattstrikk.... ;o)
Som sagt så likar eg å ha fleire prosjekt i gang på same tid........ ;o)

Vel no har eg hatt nok ei pause, og så skal eg gå i gang att med å pakke vekk jula....

God helg!

4 kommentarer:

Laila sa...

Stilig tråd du strikkar med her. Det ser verkeleg flott ut. Her i huset er det jul framleis. Men måndag kjem 20.dag Knut og jaga jula ut :) God helg til deg.

Elins systue sa...

Lekkre farger dette. Blir nok nydelig

KariL sa...

Du verden så lekkert, både mønster og garn. Her har det gått i jobbing nesten hele døgnet, litt søvn må man ha. Helga er fri, men besøk av herlige barnebarn. Kommer sterkt tilbake på handarbeidsfronten snart. Ha en god helg. Klem KariL ;)

Kerstin sa...

Hei,
Jeg fant fann en oppskrift på sokker som jeg strikket når jeg var på Hauglandsenteret, og der poppet det opp solsaum. Hmm, tenkte jeg. Kan det være damen med den utrolig vakre englevesken? Og, jippi, det var det:)
Så utrolig kreativ du er. Det er en fryd å bla igjennom bloggen din. Du oser av inpirasjon :)
Og, ja, jeg vil gjerne fortsatt ha en slik veske. Hvis du orker da :)
Jeg skal tilbake til Hauglandsenteret 10. mars. Skal du tilbake dit?
Håper alt er bra med deg.
Klem fra Kerstin