torsdag 31. desember 2009

Langsom start....



Dagen i dag fekk ein langsam start, eg kunne stå opp å nyte ein tekopp med lydbok og handarbeid. Det var berre dei to minste jentene og eg som var oppe. Dei koste seg med fjernsynet og eg med det eg likar best!





 Eg fekk quilta denne omtrent ferdig før mannen kom og vi kunne innta ein sein frukost. No manglar, tenk det ;o)...berre stoff til lukkekant, det får vente til nyåret og butikkane opnar att. Det gjer ingenting, for eg har fleire løparar eg kan quilte og ein kjole som eg skal gjere ferdig. Det skal bli mange gode stunder med symaskina til neste år og;o)




Elles er eg godt i gang både med jakka og med eit skjal som eldste har bestilt.

Jakka trur eg blir fin og fargesprakande, og kan gje fargeglede i vinter;o) Som sagt er eg grådig glad i fargar og likar godt å leike meg med dei.



Sjalet heklar eg etter eit sjal som mamma hekla til meg då eg gjekk på ungdomsskulen, hmmmm det er visst ei tid sidan det....;o)
Mamma fann det fram for ei tid tilbake, og eldste jenta fann straks at det passa ho perfekt. Eg lar ho gjerne bruke det for med tida har mange sjal og skjerf funne vegen til meg.... Ho vil så gjerne overraske nokon med det, og i romjula har det vore eit kjekt handarbeid.


Eg vil takke for alle dei kjekke kommentarane eg har fått på bloggen min i den tida eg har skrive her. Det er kjekt å "bli kjend med" så mange kreative damer som rundhanda deler av seg sjølv. Det er kjekt å sjå innom hos andre kjekke bloggarar, kommentere og ekstra kjekt er det å få kommentarar på det eg held på med. Håpar det er til glede og inspirasjon for andre.....;o)


God nytt år til alle og velkommen innom også i 2010!

2 kommentarer:

Flittige hender sa...

Kjære bloggvenn!
Takk for hyggelig blogging.
Jeg ønsker deg et Godt Nytt År.
Du av meg så mange flotte arbeider :0)
Klem fra Grethe

KariL sa...

Takk for alle gode stunder vi har hatt ilag i 2009 og ynskjer deg eit godt år i 2010, då skal vi vel klare å lage oss endå fleire sykosedagar.
Klem fra KariL :))