tirsdag 29. desember 2009

Romjulsglede


Det er lenge sidan vi har hatt ein så lang periode med snø. Det er fantastisk å gå på tur på snøføre;o) Det er ikkje så vanleg her i Florø. Her kjem som oftast snøen eine dagen og så kjem mildværet den neste, så frys det att... Då blir resultatet som oftast slaps, gjerne is og heldigvis grusa fortau og salta vegar..... Men i år har julehelga bydd på snø og kulde. Nydeleg føre, lyst og triveleg og jubel og frydefulle kvin frå akande og leikande ungar;o)

Eg nyt å gå turar enten med måneskin og stjernehimmel over meg eller som i dag tidleg med rosa skyer mot lys blå himmel, det er vedunderleg godt å kunne vandre ute i slikt eit nydeleg, snødekt landskap. Kulden er ikkje så god mot ryggen, men det hjelper å kle på seg, fyre godt i omnen og nyte varmen når eg kjem inn att etter ein god tur. Te eller kaffi i koppen og lydbok på øyret gjer og godt! Det å kunne kle godt på seg, gå ein tur utan å tenkje på at den ikkje må vere for lang, men i staden kjenne at det gjer godt, det er luksus! Eg nyt det!


I februar reiste vi på biltur og då starta eg på dette skjerfet som eg jamt og trutt har teke med meg når eg veit at eg skal sitte nokre timar i bil, buss eller båt. I sommar freista det ikkje å strikke i ull så då bytte eg det med eit anna strikkety. Eg starta med 4 nøster eit i kvar farge. Det grøne brukte eg to av, då det vart botnefargen. Til slutt hekla eg i blått ein liten kant i kvar ende. I dag var det godt å tulle dette fleire gangar rundt halsen før eg stakk ut døra på veg til jobb. Det er kjekt med eit varmt og godt skjerf rundt hals og nakken og halsen. Det gjer seg og godt med ein fargeklatt på den svarte vinterjakka.


No har eg plukka fram litt restegarn, og nokre nye nøster, og endeleg kan eg ta fatt på eit strikkeprosjekt som eg lenge har hatt lyst å starte på. Heilt sidan eg var innom denne sida og såg jakka har eg tenkt på den. Mønsteret er kjøpt og no har eg (nesten) ingen strikkeprosjekt i gang og då er det naturleg å starte på eit nytt!, er det ikkje det?? Eg har andre fargar enn "originalen" og dei skal de få sjå om litt, når eg berre har kom i gang, slik at dei viser betre enn no....



Eg hadde i grunnen tenkt å sy i dag, men eg skal berre strikke litt til....... Det er kjekt å sjå korleis fargane "leikar" seg når eg plukkar ein farge og strikkar ein pinne, så ein ny farge, "utan noko system" strikkar ein til, og ein til, og ......

Eg har te i den nye koppen min, tulipanar i vasen, som eg nyt synet av når eg er innom kjøkkenet for å hente meir varmt vatn, mange stearinlys er tende i stova, mmmmm.....


Eg har det godt! og håpar at du og har det!

Ingen kommentarer: