fredag 25. desember 2009

GOD JUL

Dagane fram mot jul vart så alt for korte;o) Eg rakk ikkje alt eg hadde tenkt eg skulle gjere, men jul vart det likevel!;o) Julegåver vart ferdige, nokre hugsa eg å ta bilde av før det vart pakka inn av eldste jenta, som har vore til stor hjelp i denne førjulstida! Ho pakkar, ryddar, tørkar støv, held orden på kva gåver om er pakka inn, kvar dei er og kva som manglar..... Godt for mamma og pappa å ha ei som har full kontroll, når vi ikkje heilt veit "opp og ned på ting". Eg har sydd litt og strikka litt og no kan eg vise dei bileta eg hugsa å ta.....

Denne løparen og brikka har vi gitt til svigermor og svigerfar....

Luer, vottar og skjerf/hals og pulsvantar vart ikkje foreviga med bilder.... men vi håpar det varmar dei som har fått dei;o)


Denne har funne vegen til eine broren og svigerinna mi. Eg har korta litt ned på lengda i forhold til det som er brukt i mønsteret.


Julestemninga har kome inn i hus i form av pynt, lukta av juletreet, og i går lukta av pinnekjøttet som skapte forventning og glede! mmmmm og det smakte godt slik som det alltid gjer.

Vi er så heldige at vi får pinnekjøtt og julepølser laga av mamma og pappa. Det er salta, tørka og røykt og smakar himmelsk!!!


Bordet er det eldstejenta som har pynta.

Kvelden var fylt av frydefulle kvin etterkvart som jentene pakka opp pakkane. Smil og godord, når vi vaksne pakka opp våre pakkar. Ein god kveld med leik og ungar som fekk sjå meir på sine gåver og som vart avslutta i sofaen med ein film, for oss vaksne, før senga.

Ein god kveld og starten på ei rolegare tid saman med familie. Det skal bli godt når dagane går i langsamare tempo, med tid til gode turar, prat, bøker, spel, god mat, kunne gjere nett det vi vil og kunne vere saman med resten av familien. Vi er så heldige at vi skal vere samla med mamma og pappa, saman med mine 4 søsken og deira ektefeller og barn. Til saman er vi då 12 vaksne og 15 barn som kan vere saman med latter, leik, god mat og god prat. Eg trur ikkje ein kan ha det betre då...;o)

God jul til alle som tek turen innom. Håpar de har ei fin tid;o)

3 kommentarer:

KariL sa...

Ynskjer deg og din familie en riktig god jul. Klem og kos.

Tidsfordriv sa...

Ønsker deg en fortsatt god jul.

Laila sa...

God romjul til deg. Er det ikkje flott med kvit jul til ei forandring?:)