tirsdag 12. januar 2010

Fjortis...;o)

I dag står jubelen i taket her i huset. Det skal feirast, for vi er så heldige at vi har fått ein fjortis i huset! Eldste jenta er blitt 14 år. Eg synes at det ikkje er så lenge sidan vi vart foreldre for første gang. Ho måtte komme litt for tidleg, men har klart seg veldig godt. Når ho fekk komme ut i verden og ete sjølv, vart det fart i sakene og etter det har ho vakse seg til ei vedunderleg jente! til stor glede for foreldra og søskena og andre i familien rundt ho.


Dagane går med, heime, til litt trening og lydbok og handarbeid. Når ryggen trøblar er eg utruleg glad for at eg kan fylle dagen med kreative syslar. Det hjelper godt på humøret og gjer at eg føler at eg kan klare noko. Det er svært viktig for sjølvkjensla..... Tenk om eg berre skulle sitte med hendene i fanget, nei det vil eg ikkje tenkje på. Det er kjekkare å tenkje på kva eg skal gjere i neste prosjekt;o),  for no er sjalet ferdig:o)

Dette var eit kjekt strikk, enkel oppskrift å følje, eg var så heldig å finne ei norsk omsetjing av mønsteret, då slapp eg å gjere det sjølv.....;o)

Det var og lett å lære seg mønsterrapportane utanav så eg slapp å telje så mykje. Det var vanskeleg å legge strikket frå seg, for det var så kjekt å sjå korleis fargane endra seg og "fletta seg" fint i kvarandre. Eg anbefaler gjerne denne tråden, Kanui, som er lett og god å strikke med. Eg kjøpte eit nøste på ca 140 gr. og har brukt omtrent 120 gr. til dette sjalet. som er den minste str. i oppskrifta. Då kan det kanskje bli pulsvarmarar av resten;o)

No skal eg prøve å hekle englar til englevaka som Kreativiteten skal ha på fredag. Eg skal prøve ut om oppskrifta kan brukast..... Det kjem gjerne eit bilde om litt;o)



Ha ein fin, solrik vinterdag!

1 kommentar:

Sylke Feldhusen sa...

Gratulerer med fjortis, og med fint sjal!

Har også sendt deg en e-post vedr. engelen, synes det bare er koselig om dere bruker mønsteret.