fredag 8. januar 2010

Brrrrrr.....



I Florø kryp gradestokken nedover, slik det gjer mange andre stadar. Men med vedfyring, skinnfell og varmepute så går det bra.
Det er så vakkert ute og knitrar under skoa når vi går. Nydelege fargenyansar som blir trylla fram av solstrålar og skyene. Eller ein vakker kveldshimmel med måne og stjerner. Det er godt å gå turar, det mjukar opp musklane og gjer godt.
Eg er heime og har selskap av lydbøker og handarbeid. Det er ikkje så verst......, men det hadde vore betre å vere på jobb og utan smerter.


I går var eg innom den nyopna blomsterbutikken i Florø, Karis Blomster. Ein nydeleg, lys og lekker butikk. Der skal eg gjerne gå innom å glede meg sjølv og andre med blomar eller lysestakar, vasar, skåler eller andre nydelege ting til pynt og glede;o)

Denne gleda eg mannen.... (og meg sjølv....;o)) med i går. Ferske sprø tulipanar i nydelege fargar. Ja det gjer godt!

Eg tenkjer at helga skal by på litt handarbeid, kanskje litt gjærbakst, det hadde smakt godt... og så skal vi plukke ned julepynten.
Vi pyntar ikkje før veslejulaftan og då er det kjekt å ha det framme ei stund, men no er eg klar til å pakke det ned att. Det blir nok litt tomt, men eg skal fylle opp med stearinlys som eg kan kveike og nyte;o)


Ha ei god helg, nett slik du vil ha den!

Ingen kommentarer: