onsdag 6. januar 2010

Blomsterflor....



Endå ein løpar er ferdig quilta, den er faktisk heilt ferdig;o) Denne starta eg på i haust på kurset med Anne Beier Finnestad. Eg har teke fatt på å quilte dei løparane eg starta på i haust. Toppane er ferdigsydde og quilting og lukkekant manglar.

Det er ikkje det beste å sitte med symaskina no, men med mange pausar går det. Eg må variere ofte, det har eg god trening i, så eg får gjere litt av alt.....

Dagen går i turar, strikk, hekle, handsaum, og symaskina. Litt av alt, og det er bra!;o), nett som Ole Brum.....med lydboka som selskap.

Eg håpar dette går fort over slik at eg kan komme meg på jobb att og få trene så mykje at eg ser at det går framover att. Det er eit steg tilbake, og det kunne eg godt tenkt meg å sleppe..... Det positive er at eg kan trene litt denne gangen, det er bra og då må det snart bli betre.

I jula har vi brukt desse spisebrikkene som eg laga til jula 2008. Eg har teke utgangspunkt i spisebrikkene til AnnaKa som var i Quiltemagasinet. Eg huskar ikkje kva årstal dei sto i bladet. Brikkene til AnnaKa har tre hjerter i staden for blomane som eg har brukt. Eg har brodert ein engel der AnnaKa har applikert ein nisse.

Når eg då har sett på desse blomane kvar dag i jula fekk eg så veldig lyst til å gjere ferdig denne løparen.

Skal eg legge den på bordet, eller er den "for julete", skal tru?......
Kanskje sy ein i andre fargar... Stoff, vel det er litt av på syrommet...;o) og mønster eg ikkje har prøvd endå, ligg og på syrommet.....  Hmmmm eg skal tenkje litt på saka.....

Ha ein god dag!

1 kommentar:

Grethe sa...

Nydelig løper. Du har så mange flotte arbeider, takk for inspirasjon. God bedring :0)