torsdag 28. januar 2010

Postpakke-kos

For nokre dagar sidan kom det ein kjekk pakke i posten.
Pakken var broderusk-abonnementet mitt frå Northern Quilts.

Nydelege stoff, antikk musselin, som ser ut som mørk te-farga bomull, farginga er litt "grov" og kan likne litt på batikk. Smårutet bomull i kvit og beige samt eit raudt stoff med kvite blomar. Gråbrun tråd til å brodere med, ein bit band og knapp til pynt. Med i pakken var og ein type vliesline som dei kallar "stitchery fusible" Den har ikkje eg prøvd før og det skal bli spennande å prøve korleis den er å brodere på.

Dei lyse stoffa har nett kome i vaskemaskina, det raude skal, om litt, og få ei lita runde. Stoffa må tørke litt og strykast før eg startar på broderiet, som er nokre mus og ostebitar. Symaskina har eg diverre ikkje kunne brukt i det siste, men om litt må vel ryggen verte samarbeidsvillig slik at eg kan sitte å sy. Eg gledar meg til det!;o)
I kveld blir det nok ei god bok eller strikketyet eg kan kose meg med.

Ha ein fin kveld!

2 kommentarer:

KariL sa...

Så masse lekkert. Ønsker deg riktig god bedring og håper du vil får en god helg opp i all elendigheita :)

Ann Tove sa...

Kjekt med pakke i posten. Gler meg å sjå ferdig resultat.
God helg.