lørdag 30. januar 2010

Helgeglede;-)


Så er det helg att, det er godt med desse dagane då ein kan sove lenge...., nyte god frukost i langsamt tempo saman med dei 4 som eg er så heldig å dele hus med;o) Huset var rydda i går, så i dag har eg surra rundt og plukka med litt husarbeid, som oppvask, matlaging og klevask.
Det går fint når det og kan gå i langsamt tempo og med selskap av familien og lydbok, når dei må ut for å måke. For vinteren har bestemt sag for å bli. Nye mengder med snø har kome og gradestokken viser "blå grader" att.

Kvelden skal nytast med strikk og sofaen og eit lite glas raudvin til kos! Eg har starta på ei lue til mellomste, den blir strikka i Sterk frå Du Store Alpakka og bilde skal komme når det blir dagslys. Den er i blått og vanskeleg å ta blide av om kvelden…..

Mmmmm, eg er heldig!

Ha ei god helg, nyt den!

Ingen kommentarer: