torsdag 2. april 2009

Fiks ferdig!!!


Då er veska mi ferdig med perler og stas! Det gjorde seg med litt ekstra pynt. Det er kjekt å blande fine og grove materialer. Lin og silke eller grov tova ull og perler det gjev kontraster som eg likar;-)



Her ser de både fram- og baksida på veska.


Prøvelappane" som vi lagde 1. gangen Pamela var på Kreativiteten er blitt pynt på ei lita veske i linstoff. Eg har brukt både lappen, kula (som no er delt i to) og "tråden" som vi tova då.

2 kommentarer:

Laila sa...

Tusen takk for hyggeleg kommentar i bloggen min. Alltid kjekt å oppdage nye handarbeidsbloggar og spesielt når den er så nær. Det tove-prosjektet såg spennande ut. Veska vart skikkeleg stilig! Eg har ikkje prøvd meg på toving - anna enn det som har skjedd alldeles utilsikta i vaskemaskina :-)

Ha ein fortsatt fin kveld.

SOLSAUM sa...

Vel, dei toveprosjekta er ikkje alltid like kjekke, spennande er dei, men også trasige om det er eit yndlingsplagg som blir tova. Då gjeld det å bruke kreativiteten å lage nåke nytt, kanskje ei veske??