torsdag 30. april 2009

Redesign...

er kjekt! Når sommaren kjem, og eg blir solbrun, då blir det endå betre!;-)




Eg har sydd nokre kjolar no i vår. Då har eg brukt toppar eller genserar og sydd på eit skjørt som eg har hatt hengande i skapet ei tid. Det er gjerne eit som ikkje har vore brukt så mykje.
Eg har også strikka eller hekla ein ny topp og sydd på eit stoffstykke. Då er det gjerne stoffet eg har likt og så har eg laga ein topp som passar til.
Det kan vere at eg ikkje er heilt nøgd med fasongen, for av og til så er plagget berre så fint i butikken og når eg kjem heim og brukar det så er det ikkje heilt slik eg hade tenkt det skulle vere..... pussig det der!







Det kan og hende at eg brukar stoff som eg har funne heime som mamma har hatt liggande, som ho har brukt eller arva. Eg synes dei gamle stoffa er nydelege både i farge og mønster.





Dette er ein topp og eit skjørt som eg kjøpte då eg likte fargane og mønsteret så godt. Eg hadde ikkje noko å bruke attmed og dermed sydde eg dei saman;-)


Når eg har klipt av toppen, kan eg gjerne bruke litt av den til å applikere på skjørtet;-)
Skjerfet eg nett har laga passar også godt til....
Eg er klar for sommar og sol!

Ingen kommentarer: