I helga skal eg på tur til Værlandet/Bulandet med 3 flotte damer.
Søstra til den eine har opna huset for oss, det er vi veldig glade for!
Vi skal sy veske i denne helga. Eg har tjuvstarta med å sy saman dei raude og svarte stoffa..... Eg må nok ta fleire pauser enn dei andre, pga ryggen min.
Eg skal sy, prate, gå turar i den vakre naturen som er på øya og fylle batteria med glede!
Eg gledar meg veldig!
Desse stoffa har vi kjøpt til hos som er så hjartevarm at ho opnar huset for oss 4 på tur;-) Eg har teke ut stoffa og eg er spent på om dei fell i smak....
Då kan også ho sy veske;-)
Eg har leika meg med rammer som eg fann på mobilen min....
GOD HELG!
1 kommentar:
Hei! Desse stoffa burde vertinna bli glad for. De får heilt sikkert ei super helg. Kos deg. Spent på å sjå resultatet.
Legg inn en kommentar