onsdag 13. mai 2009

Ein nydeleg vårdag...



er det i Florø i dag. Eg har baka brød, nokre som eg håpar eldstejenta kan like, det er slett ikkje alle typar brød som går gjennom "nålauget" hennar...... Eg har og laga rugbrød som eg likar, så då skulle det rekke ei stund framover...



Det er så godt å kjenne lukta av nybaka brød i huset, det er glede, når då temperaturen er så høg at døra kan stå ope og slepp våren inn er livet herleg!


Eg har og klipt ut stoffet til kjole til mellomste-jenta. Den er klar til å bli sydd saman, men først skal eg ut i sola, med ein kaffikopp og strikke litt meir på jakka mi;.)




Det blir godt!



Ingen kommentarer: