torsdag 28. mai 2009

Fargefryd!


I år var eg ein tur til Førde då bilen vår hadde time for service;.)
Eg fekk meg ein fin start på turen med ein spasertur inn til sentrum der eg gjekk mellom blomande syriner, sjølv om det dropla og var kaldt var det fort gløymt pga ei nydeleg duft av syriner. Det var herleg!
Eg hadde ingen planar, men ville gjerne vandre i Sentrum Sør der eg starta med butikken Om Att.
Der var det mykje å sjå på. Ei herleg blanding av nytt og brukt. Klede, sko, vesker, hattar samt ting og hattar frå Afrika.
Eg gjekk der frå med nokre kjolar som eg har tenkt å sy om til barnekjolar, ei pennal som eg skal bruke til helekrokane mine som er laga i Afrika av samanrulla papir med plast på utsida og papir på innsida. Det er sydd saman med skråband. Ein del av beløpet eg betalte går til arbeid for gatebarn og då var det greitt å kjøpe det.
Vidare kjøpte eg bekymringsdukker!;.) Det er ikkje slik at eg har tenkt å bekymre meg.... Dei er slik at om ein har bekymring skal ein fortelje dei til dukka, legge den under puta og når ein vaknar neste dag er bekymringane vekke. Det er vel flott?!



Eg gjekk vidare til eit galleri/rammeverkstad. Der var det mykje fint både maleri, glas- og trekunst.
Eg greidde då ikkje å gå forbi dette.....


På loftet var det to spennande damer, den eine vev vakre tekstilar i lin, bast m.m. og vi fekk ein god prat og eg fekk kjenne! på tekstilane hennar;.)


Den andre syr klede og hattar i ull og ullfilt ho hadde mykje fint som eg og fekk kjenne på og ho fortalde litt om det ho har gjort og korleis ho arbeider, det var velsig inspirerande!


Etter denne kjekke stunda kjende eg at ryggen hadde fått nok så då tok eg turen innom kollegane mine og dei hadde lunch så eg fekk meg ein kaffikopp og fleire gode samtalar med dei;.)

Bilen vart litt seint ferdig, men ryggen heldt nesten.... Eg kjenner det godt i dag så dagen i dag og i morgon blir rolege og det er greitt;.)

Ingen kommentarer: