mandag 25. mai 2009

Hagefryd



Eg ser så mange flotte bilete av vakre blomar i fine fargar og vakre nyansar.




Det er så kjekt å sjå alle dei nydelege fargane, teikningar og nyansar på alle dei blomane ein kan ha i hagen.




Det gjev inspirasjon og glede til ei som ikkje heilt har dette med "grøne fingrar"



Sjølv gledar eg meg til valmuene våre som snart skal blomstre og over at vi også i år er så heldige at vi har piggsvin i hagen.





I eit par kveldar har eg sett det tusle rund i hagen.




Eldste jenta er heilt overbevst om at ho høyrer den et, er det sniglane som forsvinn?




Vi har i vert fall ikkje hatt så mange sniglar i hagen vår dei siste åra, med piggsvin;.)

Ingen kommentarer: