mandag 4. mai 2009

Hageglede II


I dag har blomar og urter kome i jorda. Plantane vi kjøpte i går har no kome i krukkene, og når familien kjem heim att i ettermiddag skal dei få sette krukkene på plass der eg vil ha dei;-)

Vi kjøpte berre nokre få sortar, dei som kan klarer seg om det skulle komme litt kulde....



Det skal nok komme meir sidan, det er så mykje som fristar...;-)



Krukkene vart pynta med litt skjell, når blomane veks til og dekkjer heile krukkene, plukkar eg dei vekk og pynter ein anna plass


Jentene likar og godt å leike med dei så dei er i bruk heile våren og sommaren;-)


Eg har og sådd litt blomkarse og salat. Rosmarin, timian og grasløk har eg sett i krukker. Då kan eg plukke og bruke i maten ut over våren og sommaren, mmmm........... det skal bli godt!

Der er både sol og regn i dag og då fristar ikkje uteplassen like mykje som ein dag med sol og varme.....



.... men den står klar og bordeter pynta med krukke, korga med skjell og perler samt vasen med blomar i. Då kan eg glede meg over det når eg er på veg ut eller inn av huset.




Eg er heldig som har ein 4-åring som er glad i å komme med nyplukka blomar, eit stort smil om munnen og ei glad helsing: "sjå kva eg har plukka til deg, mamma!" Det er ei stor glede for oss begge;-)


No er mykje kjekt å glede seg over inne, symaskin, strikk, handsaum og heklearbeid....,kanskje eg skal sy klede, skjørt og kjolar som hører våren til;-)

Ingen kommentarer: