mandag 8. juni 2009

Gode dagar;.)


Helga har vore travel og starta med blåtur med gode kollegaer.
Vi reiste fredag ettermiddag, opna konvoluttar med reiserute undervegs og enda i Kalvåg.
Det var kjekt å vere saman med kollegaene att.
Vi returnerte laurdag etter at dei andre hadde ein liten fjelltur med grillmat. Eg tusla rundt i Kalvåg og hadde kort veg til hytta slik at ryggen fekk den kvila den trong etter hyggjeleg samvære kvelden før.
Eg kikka innom dei kjekke butikkane i Kalvåg, Røysa spøt og tråd, Galleri Frøya og Holmen Atelier.
På sistnemnde fekk ein god prat med Pamela som har det travelt med innlevering av oppgåve på studiet ho går på. Ho viste meg ei nydeleg drakt som ho har konstruert og maskinstrikka.
Ta gjerne turen innom om du er i Kalvåg. Ho har mykje fint for sal, både sjølvlaga og av andre gode handtverkarar;.)
Tråden på biletet er frå Røysa Spøt og Tråd. Den låg å freista meg, og sidan eg ikkje har prøvd denne før, kjøpte eg med 3 hesper og dei no omtrent brukt opp og blir til eit sjal.
Eg har berre att det nøstet som er med på biletet;.) Det går fort med tjukk tråd og heklekrok nr 10.....


Søndag hadde vi fest i hagen;.) Først med 6 jenter som var invitert til 5-årsdag. Veslegullet var 5 år i går og hadde invitert 6 av vennane sine frå barnehagen.
Ettar at vi hadde rydda litt og hatt ein strekk i solstolen, kom mosta og mostemannen til jubilanten innom saman med dei to gode barna sine. Vi hadde endå ei kjekk stund i sola. Veslegullet ville ha hjertekake og det lagde mora så gjerne;.)
Vi er og så heldige at 13-åringen vår gjerne lager kaker og fest så eg fekk god hjelp både av ho og mannen så dagen vart god!

Klokka var 23 tok eg dette biletet og gledde meg over helga og utsikta, nok ein gang....;.)
Dagen i dag gjev og sol og glede.
Den går i sakte tempo etter helga sine gode opplevingar. Dei gjorde godt for sjæla og mindre godt for ryggen;.)
Ha ein god dag!

Ingen kommentarer: