fredag 12. juni 2009

Helgeglede;-)

Dagen starta med ein fin tur i skogen, tenk å kunne gå i irrgrønt! .....
Gras, lyng og blad på trea er irrgrøne. Fuglane syng og fyk fritt omkring og sola kik fram, det er ein god dag!
Når eg kjem heim ser eg at hagen er lilla....
litt rosa, ..... og grøn.....;.)
Ein tur til by'n få unna nokre ærend, tenkte å sy, men eg tok lunch med kollegaene i staden. Det er kjekt det og;.)
Eg måtte innom å kjøpe nokre stoffbitar til morgondagen og søndag.
Det skal bli rein glede, terapi, glede, glede;.) Eg skal sy i to dagar;-) på kurs saman med Laila.
Vi skal frihandsquilte med veiledning frå Anne Beier Finnestad.
Eg gledar meg og skal nyte kvart minutt;.)
Eg kjøpte ikkje heile stoffdungen... . Det meste er henta frå lageret.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal sy, så eg har med meir enn eg treng, men litt å velje i.... Er det nokon som kjenner seg att?



Ha ei god helg! ...... det skal eg;.)

Ingen kommentarer: