mandag 1. juni 2009

Hjertefryd

Det har vore ei fantastisk fin helg. Fredagen starta med kreativ leik før det vart tur til Førde for meg, eldste jenta og to venninner;.) MR vart gjort unna på ein halv time, deretter tusla eg litt rund så jentene skulle få kikke litt i butikkar, litt handel vart det og for go'-jenta mi kom heim med ny tunika.

Eg fekk snuse litt på syriner denne dagen og, det gjorde godt! Tenk å kunne ha ein bukett ståande i stova! Om nokre år har nok buska mi vakse så mykje at eg kan får det;.)






Laurdag starta eg med ei lita hagevandring det var godt å kunne gå berrføtt i graset, nokre bilete fekk eg og teke....
Det vart sydd litt meir og brodert litt før det var tid for jubileet til Florarevyen. Det var kjekt å få med seg den, kjekk revy, god musikk og kjekke folk eg fekk dele kvelden med.





Søndag reiste mannen min og jentene på tur og eg koste meg i sola på terrassen.
Eg veksla mellom go'stolen og matta og fekk rikeleg med sol og varme.
Eg fekk brodere litt, sy, høyre på lydbok og ryggen fekk bestemme tempo og stilling og det trengde den.
Varmen som kom no fekk vekstane og fargane i hagen til å eksplodere. Dei føra eg sådde tidlegare i vår har vokse fleire cm for dagen i helga, det kan eg gjerne fryde meg over;.)
Og no kan eg glede meg over valmuene mine, to har opna seg i dag til stor glede for meg.

I kveld fekk eg gjort ferdig det eg starta på fredag.
Eg likar at notisbøkene mine er fargerike og har fine figurar.
Det har eg ikkje funne i det siste så eg fann ut at eg måtte sy meg eit omslag og no er det ferdig.
Det starta med ei teikning og enda slik eg hadde tenkt at det skulle bli.
No er det berre å starte med notatane.....
Ha ein fin kveld!

Ingen kommentarer: